fbpx

Fjell- og bergverksfaget med fordypningsområde (FJE03-03)

Vg3 fjell- og bergverksfaget handlar om å leggje til rette for å endre og skape ny infrastruktur under og over jord. Faget skal gjere lærlingane i stand til å bruke maskiner, sprengstoff og utstyr i grunnarbeid, mineraluttak og sikring av fjell. Det handlar òg om å sikre arbeidssituasjonar for å hindre personskadar og skadar på materiell og miljø, og å ta vare på det estetiske uttrykket i landskapet. Faget bidreg til samfunnet gjennom å utdanne yrkesutøvarar som kan leggje til rette for ein berekraftig infrastruktur som hindrar miljøskadar og medverkar til å ta vare på naturressursar.

Boring, sprenging og sikring

Kjerneelementet boring, sprenging og sikring handlar om å bore i fjell, gjennomføre sprengingsarbeid og sikre arbeidet i tråd med gjeldande regelverk, toleransekrav og geolognotat. Dette kjerneelementet handlar vidare om uttak av berg over og under jord, sikring av tunnelar og bergskjeringar, tilarbeiding av bergmassar og sikring av arbeidsstader mot ulukker og skadar. Å planleggje arbeidet ut frå omsynet til god ressursutnytting og miljøet er òg ein del av dette kjerneelementet.

Maskiner og maskinstyring

Kjerneelementet maskiner og maskinstyring handlar om å velje maskiner og utstyr ut frå arbeidsoppgåva som skal gjerast. Det handlar vidare om å stille inn maskiner ut frå bruksområde og sikre risikoutsette arbeidssituasjonar. Å drifte og vedlikehalde maskiner og utstyr er òg ein del av dette kjerneelementet.

Helse, miljø og sikkerheit

Kjerneelementet helse, miljø og sikkerheit handlar om å identifisere og hindre situasjonar som er ein fare for liv og helse når ein endrar og skapar infrastruktur over og under jord. Dette kjerneelementet handlar òg om å risikovurdere arbeidet i samsvar med gjeldande regelverk og gjennomføre ein sikker jobb-analyse. Vidare handlar det om å bruke utstyr og maskiner og å arbeide i samsvar med gjeldande system og tiltaksplan for helse, miljø og sikkerheit. Å kommunisere med kollegaer og andre yrkesutøvarar og drøfte ulike løysingar som medverkar til å verne det indre og ytre miljøet, er òg ein del av kjerneelementet.

Åpne læreplan