fbpx

Rørleggerfag (RLF03-02)

Vg3 røyrleggjarfaget handlar om å installere røyrleidningar med tilhøyrande komponentar og utstyr i nye og eksisterande bygg. Faget skal gjere lærlingane i stand til å velje energisparande og helse- og miljøfremjande røyrtekniske løysingar og halde ved like, modernisere og bevare røyrtekniske anlegg. Faget bidreg til samfunnet gjennom å utdanne yrkesutøvarar som kan installere berekraftig infrastruktur for vatn, avløp og ventilasjon som er energisparande, fremjar vasskadetryggleik og bevarer det estetiske uttrykket.

Sanitæranlegg

Kjerneelementet sanitæranlegg handlar om å installere og halde ved like vass-, spillvass- og overvassrøyr frå kommunale røyr i og til bygg. Dette kjerneelementet handlar vidare om å fordele og kople vassrøyr og spillvassrøyr til ulikt sanitærutstyr. Å leie spillvatn og overvatn frå bygg og eigedommar gjennom røyr i tråd med kommunalt regelverk er òg ein del av dette kjerneelementet.

Vassbore energianlegg

Kjerneelementet vassborne energianlegg handlar om å installere og halde ved like ein vassboren energiinstallasjon i og til bygg. Dette kjerneelementet handlar òg om å dekkje varme- og kjølebehovet i eit bygg. Å produsere og transportere varme og kulde til bygget som sikrar det indre miljøet, er òg ein del av kjerneelementet.

Brannsikringsanlegg

Kjerneelementet brannsikringsanlegg handlar om å installere, halde ved like og reparere sprinklaranlegg til bygg.

Helse, miljø og sikkerheit

Kjerneelementet helse, miljø og sikkerheit handlar om å identifisere og hindre situasjonar som er ein fare for liv og helse i installering av sanitær-, varme- og kjøleanlegg i bygg. Det handlar òg om å risikovurdere arbeidet i samsvar med gjeldande regelverk og gjennomføre sikker jobb-analyse. Følgje toleransekrav i prosjekter er og ein del av kjerneelementet. Vidare handlar det om å bruke utstyr og maskiner i samsvar med gjeldande regelverk og om å arbeide i samsvar med gjeldande system og tiltaksplan for helse, miljø og sikkerheit. Kollegialt samarbeid om berekraftige og miljøvennlege løysingar er òg ein del av dette kjerneelementet.

Åpne læreplan